Geografi-vgs (2013)

Repetisjonsoppgåver til kapittel 2, nynorsk

  1. Lag di eiga skisse og gjer greie for korleis jordkloden er bygd opp.
  2. Kva var Pangea, og kven var opphavet til dette namnet?
  3. Kva er litosfæren?
  4. Kva er ei jordskorpeplate, og kor mange slike plater finst det?
  5. Kva meiner ein er årsaka (årsakene) til at jordskorpeplatene flytter seg?
  6. Kva er ein midthavsrygg, og kva skjer ved midthavsryggene?
  7. Kvar ligg øya Jan Mayen, og korleis vart ho danna?
  8. Kvar ligg Marianegropa, og korleis vart ho danna?
  9. Kvar ligg Andesfjella, og korleis vart dei danna?
  10. Kvar ligg Himalaya-fjellkjeda, og korleis vart ho danna?
  11. Korleis vart Island danna?
  12. Korleis definerer vi omgrepet jordskjelv, og korleis kan jordskjelv oppstå?
  13. Kva er skilnaden på fokus og episenter i eit jordskjelv?
  14. Kva måler ein med omgrepet magnitude?
  15. Kva er ein tsunami, og korleis kan tsunamiar oppstå?
  16. Kva kan føre til jordskjelv i norske område?
  17. Korleis kan vi forklare at kvart år mister stadig fleire menneske livet på grunn av jordskjelv?
  18. Kva er skilnaden på mineral og bergartar?
  19. Kva heiter dei tre hovudtypane av bergartar?
  20. Nemn dei tre typane storkningsbergartar og beskriv bergarten granitt.
  21. Korleis blir avsetningsbergartar danna, og kva kjenneteiknar denne typen bergartar? Nemn nokre døme.
  22. Nemn to prosessar som kan føre til omdanning av bergartar. Kva er den vanlegaste omdanna bergarten i Noreg?
  23. Kvar finn vi den kaledonske fjellkjeda, og korleis vart ho danna?
Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider