Geografi-vgs (2013)

Repetisjonsoppgåver til kapittel 3, nynorsk

  1. Kva er mekanisk forvitring? Nemn dei ulike formene.
  2. Forklar korleis frostforvitring går føre seg.
  3. Korleis går forvitring ved trykkavlasting føre seg?
  4. Gjer greie for korleis det blir kalksteinsholer.
  5. Definer omgrepa forvitring og erosjon.
  6. Kva meiner vi med gamle og unge landformer?
  7. Gjer greie for nokre typiske trekk ved viddelandskapet.
  8. Kvar finn vi skjergardslandskap i Noreg, og kva kjenneteiknar det?
  9. Lag ei enkel skisse av strandflatelandskapet, og set namn på bygningstrekka.
  10. Kva for hendingar i paleogen (tertiærtida) fekk mykje å seie for utviklinga av landformene i Noreg?
  11. Korleis kan rennande vatn erodere?
  12. Kva måtar kan rennande vatn transportere lausmateriale på?
  13. Kvifor blir elveløpet somme stader til ein V-dal og andre stader til eit elvegjel?
  14. Korleis ser ei elvevifte ut, og korleis blir ho til?
  15. Korleis blir det kroksjøar?
  16. Kva er eit delta, og korleis er det danna?
  17. Nemn nokre viktige bretypar.
  18. Forklar korleis isbrear kan erodere, og gjer greie for typiske erosjonsformer som brear skaper.
  19. Kva er alpine landformer? Kvar i Noreg finst denne landformtypen?
  20. Forklar korleis ein tind blir til.
  21. Korleis kan vi påstå at fjordane våre er eit resultat av både elveerosjon og breerosjon?
  22. Lag ei liste over dei landformene som finst i eit typisk vestlandsk dal- og fjordlandskap. Beskriv deretter med eigne ord eit slikt landskap.
  23. Korleis blir ein botnmorene danna? Kva er typisk for morenemateriale?
  24. Kva er ei israndavsetning?
  25. Kva er hovudtrinnet, og kvar i landet kan vi finne det? Gjer kort greie for korleis det vart danna.
  26. Kva er marin grense? Bruk figuren på side 85, og prøv å finne høgda på den marine grensa der du bur.
  27. Kva er eit ravinelandskap?
  28. Korleis oppstår kvikkleire? Kva for delar av landet er mest utsette for kvikkleireskred?
  29. Kva for delar av landet er mest utsette for steinskred? Korleis kartlegg forskarane faren for slike ras?
Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider