Repetisjonsoppgåver til kapittel 4, nynorsk
- Kva er skilnaden på vêr og klima?
- Nemn tre fordelar med at jorda har ein atmosfære.
- Korleis verkar havet inn på klimaet?
- Forklar kvifor det blir lågtrykk og høgtrykk.
- Kva er vind?
- Kvifor blæs ikkje vinden i rett linje frå høgtrykk til lågtrykk?
- Korleis oppstår det pålandsvind ein varm sommardag?
- Korleis oppstår monsunvind?
- Kva er passatvind, og kvifor blæs han frå nordaust på den nordlege halvkula?
- Forklar kvifor New York og Roma har så ulikt klima, sjølv om dei ligg på nesten same breiddegraden.
- Kva er fordamping og kondensasjon?
- Kvifor blir det eit markert skilje (ein front) når varme og kalde luftmassar møtest?
- Forklar omgrepa konvektiv nedbør, frontnedbør og orografisk nedbør.
- Kva er okklusjon?
- Kva er skilnaden på ein varmfront og ein kaldfront?
- Skriv namnet på fem havstraumar.
- Bruk figuren som viser klimasonene på jorda, og gjer kort greie for temperert klima og middelhavsklima.
- Nemn minst to faktorar som gjer at klimaet i Noreg er mildt med tanke på kvar landet ligg.
- Kva er skilnaden på innlandsklima og kystklima?
- Kvar er det mest nedbør i Noreg, og kvar er det minst?
- Kven var Vilhelm Bjerknes?
- Korleis kan den venta klimaendringa verke uheldig på jordbruket i Noreg?
- Kvifor vil det bli større fare for ras og skred i framtida?