Geografi-vgs (2013)

Repetisjonsoppgåver til kapittel 5, nynorsk

    1. Kva legg vi i omgrepet ressurs?
    2. Kva for føresetnader må vere til stades for at ein naturførekomst kan vere ein aktuell ressurs?
    3. Forklar og gje døme på
        1. a) Ikkje-fornybare ressursar, fornybare ressursar og ressursar som kan fornyast på visse vilkår
          b) Materialressursar og energiressursar
          c) Gjenvinnbare ressursar
          d) Grøne ressursar
    4. Forklar kva vi meiner med berekraftig utvikling. Nemn eit par døme på berekraftig utvikling og eit par døme på ei utvikling som ikkje er berekraftig.
    5. Kva for sektorar er det vanleg å dele næringslivet inn i? Kva er karakteristisk for kvar sektor?
    6. Kva meiner vi med lokaliseringsfaktorar for industri? Nemn nokre døme på slike.
    7. Korleis har næringsstrukturen endra seg i Noreg frå 1900 til våre dagar?
    8. Nemn nokre viktige grunnar til å halde oppe jordbruksnæringa i Noreg.
    9. Kva for faktorar dannar naturgrunnlaget for jordbruket? Kva for andre forhold enn naturgrunnlaget har noko å seie for kva den enkelte bonden produserer?
    10. Nemn nokre typiske trekk ved jordbruket
      1. a) på Jæren
        b) på flatbygdene i Trøndelag og på Austlandet
        c) i dal- og fjellbygdene.
    11. Nemn nokre karakteristiske kjenneteikn på det moderne jordbruket i Noreg.
    12. Næringsmiddelindustrien kan ha både eit råvareorientert og eit marknadsorientert lokaliseringsmønster. Forklar det med nokre døme.
    13. Kva for treslag er viktigast i Noreg? Fortel litt om utbreiinga av dette treslaget i landet.
    14. Kva for eit fylke har mest skog?
    15. Nemn nokre kjenneteikn på moderne skogbruk.
    16. Nemn nokre grunnar til at det kan bli konfliktar mellom skogbruksinteresser og andre interesser om skogressursane.
    17. Kva er skogindustri? Fortel litt om lokaliseringsmønsteret til skogindustrien i Noreg.
    18. Nemn nokre grunnar til at Noreg er mellom dei største fiskerinasjonane i verda.
    19. Kva for artar er dei viktigaste i den norske fiskerinæringa?
    20. Nemn eit par grunnar til at det er så mykje fisk langs norskekysten.
    21. Kva var bakgrunnen for innføringa av fangstkvotar i fiskeria?
    22. Kva er økonomiske soner?
    23. Fortel litt om oppdrettsnæringa.
    24. Gjer greie for endringane i fiskeindustrien.
    25. Korleis står Noreg i ei særstilling med omsyn til energiproduksjon og energibruk?
    26. Kva for naturgjevne forhold legg grunnlaget for vasskraftressursane våre?
    27. Nemn nokre miljøkonsekvensar i samband med vassdragsutbygging.
    28. Gjer greie for den kraftkrevjande industrien og korleis han er lokalisert.
    29. Forklar kort korleis olje og gass blir danna.
    30. Skriv litt om kva olje- og gassverksemda har å seie for Noreg.
    31. Kor viktig er olje- og gassverksemda for andre næringar i Noreg?
    32. Beskriv den petrokjemiske industrien i Noreg ved å bruke eitt eller fleire døme.
    33. Kva for miljøkonsekvensar er knytte til olje- og gassutvinning?
    34. Korleis står Noreg i ei særstilling med omsyn til energiproduksjon og energibruk?
    35. Kva for naturgjevne forhold legg grunnlaget for vasskraftressursane våre?
    36. Nemn nokre miljøkonsekvensar i samband med vassdragsutbygging.
    37. Gjer greie for den kraftkrevjande industrien og korleis han er lokalisert.
    38. Forklar kort korleis olje og gass blir danna.
    39. Skriv litt om kva olje- og gassverksemda har å seie for Noreg.
    40. Kor viktig er olje- og gassverksemda for andre næringar i Noreg?
    41. Beskriv den petrokjemiske industrien i Noreg ved å bruke eitt eller fleire døme.
    42. Kva for miljøkonsekvensar er knytte til olje- og gassutvinning?

 

Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider