Geografi-vgs (2013)

Repetisjonsoppgåver til kapittel 6, nynorsk

  1. Kva meiner vi med naturlandskap og kulturlandskap?
  2. Nemn minst tre aktivitetar som har vore med og forma kulturlandskapet.
  3. Skriv ei liste over landskap som er påverka av menneske, ordna frå liten grad til høg grad av kulturpåverknad. Finn døme på ulike landskap og nemn stader. Bruk gjerne døme frå nærmiljøet.
  4. Gje døme på aktivitetar som har sett spor i fjell- og viddelandskapet.
  5. Moderne jordbruksdrift har ført med seg endringar i arealbruken og i kulturlandskapet. Gjer greie for og forklar nokre slike endringar.
  6. Beskriv tilgroing av landskap og kva det fører til.
  7. Kva må til for at ein stad skal kallast tettstad? Kva dominerer i ein tettstad i forhold til i områda rundt?
  8. Kva for mellomalderbyar har vi i Noreg?
  9. Kva er ein kvadratur? Nemn nokre norske byar med kvadratur i byplanen.
  10. Korleis kjem stilen frå barokken til uttrykk i byplanen i Trondheim?
  11. Gje ein karakteristikk av bylandskap og bymiljø i sentrumsområde i moderne byar.
  12. Beskriv kort korleis Oslo har endra seg frå småby til storby.
  13. Nemn eit par døme på konfliktar omkring arealbruk.
  14. Gje døme på at jordbruksareal er utsette for stort press.
  15. Kva er villmarksprega område? Peik på dei viktigaste årsakene til at det vart langt færre slike område i Noreg på 1900-talet.
  16. Korleis kan arealplanlegging gje ei ynskt utvikling og hindre ei uynskt utvikling?
  17. Kva er økonomiske og ikkje-økonomiske verdiar i eit landskap? Gje døme.
  18. Kva meiner vi med at landskapet gjev oss identitet og tilhøyrsel?
  19. Kva er UNESCO-lista over verdsarven? Kva for område eller objekt i Noreg står på denne lista? Finn dei på eit noregskart.
Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider