Repetisjonsoppgåver til kapittel 7, nynorsk
- Kva er eit anna ord for befolkningslære?
- Når nådde folketalet i verda 1 milliard?
- Kor stor er den prosentvise folkeauken per år i Noreg?
- Forklar omgrepa naturleg tilvekst, folkeauke og samla fruktbarheitstal.
- Kva teori hadde Malthus om folkeauke og matproduksjon?
- Korleis kunne folkeauken verke på matproduksjonen, ifølgje Boserup?
- Kva for hindringar meinte Malthus kunne avgrense folkeauken? Nemn nokre av dei.
- Forklar omgrepet den demografiske overgangen.
- Kva skjer i den andre fasen i den demografiske overgangen, og kvifor? Kvar ligg dei fleste landa som er i denne fasen?
- Kvifor har ikkje Afrika hatt same reduksjon i fruktbarheita som andre verdsdelar?
- Forklar kva vi legg i omgrepet demografisk tregleik.
- Kva tid (om lag) gjekk Noreg inn i fase 2 i den demografiske overgangen?
- Kva letta befolkningspresset i Noreg i denne fasen?
- Kor stor prosentdel utgjer eldre over 67 år i Noreg?
- Kor høg er den venta levealderen i Noreg for kvinner og menn?
- Kva for ei aldersgruppe av kvinner har størst fødselsfrekvens i Noreg?
- Kva er den beste indikatoren når vi vil samanlikne helse og levekår i ulike land?
- Kor stor er skilnaden i levealder mellom Oslo aust og Oslo vest?
- Kva meiner vi med befolkningsstruktur?
- Gjer greie for skilnaden mellom ein alderspyramide i eit u-land og i eit i-land.
- Gje døme på befolkningspolitikk i Noreg.
- Nemn nokre faktorar som vil bli avgjerande for matproduksjonen i framtida.
- Nemn nokre årsaker til at det er svolt og svoltkatastrofar i verda i dag.
- Korleis forklarar vi mange av tørkekatastrofane i Afrika?
- Nemn nokre miljøproblem som kan knytast til større befolkningspress.
- Kva meiner vi med marginalisering?
- Kva er migrasjon?
- Kva går «push and pull»-modellen ut på?
- Kva er «3D-jobbs»?
- Kvar finst det flest innvandrarar i Noreg?
- Frå kva land kjem det flest innvandrarar til Noreg?
- Kva for ei befolkningsgruppe flytter mest her i landet?
- Kva er dei viktigaste motiva for å flytte?
- Kva har prega flyttemønsteret i Noreg dei siste tiåra?
- Beskriv eit uttynningssamfunn.
- Kva er eit pressområde?
- Kor stor del av befolkninga i verda bur i byar?
- Kva er FNs definisjon på ein flyktning?
- Nemn nokre grunnar til flyktningstraumar i verda.
- Kva er ein intern fordriven person? Blir desse personane rekna som flyktningar?
- Kva for hjelpetiltak nemner FNs flyktningkonvensjon?
- Kva er ein miljøflyktning?
- Kva for land kjem dei fleste flyktningane i Noreg frå?