Geografi-vgs (2013)

Repetisjonsoppgåver til kapittel 8, nynorsk

  1. Kor mange menneske lever i ekstrem fattigdom i verda?
  2. Kva meiner vi med levekår?
  3. Kva er dei tre kriteria i FNs «Human Developement Index»?
  4. Nemn nokre viktige kjenneteikn på eit u-land.
  5. Forklar kva som ligg i nemningane MUL-land og NIC-land. Nemn nokre NIC-land.
  6. Kvifor har mange u-land så stor utanlandsgjeld?
  7. Forklar kort kva moderniseringsteorien går ut på.
  8. Forklar kort kva avhengnadsteorien går ut på.
  9. Kva for typar bistand har Noreg engasjert seg mest i?
  10. Kva meiner vi med bilateral bistand?
  11. Korleis kan bistand òg gje gjevarlandet økonomisk gevinst?
  12. Forklar kva som ligg i omgrepet globalisering.
  13. Korleis har utviklinga innanfor kommunikasjon verka inn på globaliseringa?
  14. Forklar kva vi meiner med diffusjon i faget geografi, og gje eit døme som viser korleis det skjer.
  15. Korleis verkar transportkostnadene på lokalisering av arbeidsintensiv industri, til dømes produksjon av fiskefiletar?
  16. Korleis har lokaliseringa av tekstilindustrien endra seg på verdsbasis?
  17. Kva er den viktigaste råvara for tekstilindustrien, og kvar blir ho produsert?
  18. Kva er produksjonsstøtte, arealstøtte og eksportstøtte? Korleis verkar desse støtteordningane på handelen med landbruksprodukt?
Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider